Held på og monterer saman ein liten bensinmodell (min første doning med forbrenningsmotor), og treng nokre råd i forbindelse med montering og oppsett av throttleservo. Spørsmålet gjeld geometrien i oppsettet, og korleis få korrekt oppløysing på throttle.
Korleis skal geometrien og oppsettet vere mellom throttleservo-arm og forgassararm?
Har funne ei kjelde på nettet som foreslår noko slikt:
- Sette ATV til 100%, målet er å få utnytta heile throttleregistreret med mest mogleg oppløysing, og så lineær mekanisk gange på throttle som mogleg (før ev. justering av kurve).
- Måle avstand mellom tilkoplingspunkta når throttleservoen er på fullt utslag og forgassararma stoppar mekanisk i open posisjon.
- Måle avstand mellom tilkoplingspunkta når throttleservoen er på minst utslag, med full negativ trim, og forgassaren er heilt stengt.
- Om forskjellen mellom desse to avstandane er stor, ta eit gjennomsnitt.
- Bruk denne avstanden som mal for kor lang throttlestaget bør vere.
Målet er vel å ha ein gange på venstrestikka som korresponderer bra med forgassaren, utan at ein "sløser" med god oppløysing, eller ev. kun får brukt deler av stikkevandringa.
Gi gjerne råd med t-skjei, ingen forklaring er grunnleggande nok når min bensinmotorkunnskap har masse plass til påfyll!
Nokre spesielle ting når det gjeld oppsett av throttlekanal på sendar?
Og ein ting til, eigen slange (og klunk) til påfylling, eller t-kopling mellom tank og forgassar? Fordelar/ulemper? Smak og behag?

Comment