Har ein son på 6 år, (og ein på 8 mnd), og ynskjer sjølvsagt som alle andre at desse skal dele far si interesse for rc. Ikkje kun for min eigen del (faktisk), men òg fordi det er ein artig hobby som ein lærer mykje av på mange områder. I tillegg hugsar eg når eg var liten; modellfly var kjempespennande, men eg hadde ingen i mitt miljø som dreiv på med dette, og heller ingen som var interessert nok til å hjelpe meg i gang.
Til no har eg ikkje vore veldig aktiv overfør eldstemann, men han har vore med på stripa mange gonger og må sjølvsagt i det daglege forhalde seg til eit hus fullt av fly, helikopter og delar. Han har flydd litt på simulator, og har forsåvidt forstått poenget. Utfordringa er at han synest det er mest artig å styrte modellane med vilje, noko som skapar litt bekymring hos far med tanke på framtidig buddyboxing.
Til no har eg tenkt at det luraste er kanskje å la poden få vere med når eg flyr, og la han sjølv fatte interessa. Om han synest flyging med modellar er dørgande kjedeleg, så får eg heller svelge den kamelen når den tid kjem. Men...gutar er no gutar. Ingen unge gutar synest vel modellfly er kjedeleg?
Så; det er garantert mange som har vore i ein liknande situasjon, og som kanskje har nokre gode tips til ein korrekt framgangsmåte for å stimulere interesse og halde ved like fasinasjonen. Korleis skal ein introdusere hobbyen på ein god måte, utan å legge for store føringar?

Comment