Announcement

Collapse
No announcement yet.

Aeroxcraft-understell til DJI F550 - byggeskildring

Collapse
X
 
  • Filter
  • Time
  • Show
Clear All
new posts

  • Aeroxcraft-understell til DJI F550 - byggeskildring

    Aeroxcraft er eit forholdsvis lite og nytt firma i England (etablert i 2011) som lagar multikopter og utstyr knytta til desse. Dei designer og produserer alt sjølv, og har pga stor etterspørsel naturleg nok litt varierande lagerstatus. Firmaet har allereie fått seg eit godt namn, mellom anna med sitt understell og gimbal tilpassa DJI Flameweel F550.
    Eg tenkte eg skulle utstyre min F550 med understell og gimbal, og valte dermed denne produsenten. Og så får vi sjå korleis dette fungerer i praksis! Dette vert ikkje ei veldig omfattande byggeskildring, men monteringa er veldig rask og enkel.


    Understellet kostar 66 pund, og GoPro-gimbal 55 pund. (AeroXcraft, Manufacturers and Suppliers of Multirotor helicopters)

    Click image for larger version

Name:	_MG_1086.jpg
Views:	1
Size:	107.6 KB
ID:	632101
    Alt kom solid pakka, med delane fordelt i sine respektive plastposar. Kvaliteten på hardware og rammedelar virkar veldig bra. Rammedelane er laga av G10, som er ein laminat av glasfiber og epoxy. Lett og sterkt. Manualen er nokså sparsommeleg, og består i hovudsak av oppkopierte ark montert saman i eit hefte. Ikkje veldig high-end, men manualen er forståeleg nok. Mange bilder og lite tekst, men heilt uproblematisk.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1088.jpg
Views:	1
Size:	106.8 KB
ID:	632102
    Alle delane til understellet.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1090.jpg
Views:	1
Size:	129.8 KB
ID:	632103
    Startar med å montere sjølve ramma på understellet. Det består av to store hovuddelar, samt nokre sideplater. Det spesielle med denne konstruksjonen er at delane skal stripsast saman! Det høyrest i utgangspunktet litt rart ut, men alt er lagt godt til rette for det. Eg finn denne løysinga uproblematisk foreløpig. Ein slepp å søle med lim, og samanføyingane vert meir enn sikre nok.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1091.jpg
Views:	1
Size:	91.4 KB
ID:	632104
    Her har eg starta med å stripse sideplata mot ramma.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1092.jpg
Views:	1
Size:	106.0 KB
ID:	632105
    Eine sida er ferdig stripsa. Sideplata skal bøyast litt, og passar perfekt ned i utskjærte spor. Eg trengte ikkje file eller pusse noko for å få det til å passe.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1093.jpg
Views:	1
Size:	131.1 KB
ID:	632106
    Begge sider ferdige, no er det berre å montere andre rammedelen på samme måte.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1095.jpg
Views:	1
Size:	73.8 KB
ID:	632107
    Så var det berre å stramme alle stripsa godt fast, og klippe av endane.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1096.jpg
Views:	1
Size:	59.7 KB
ID:	632108
    Montering av gummiforingar i hola der understellsrøra skal tredast inn. Alt passar perfekt, og monteringa går raskt unna.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1097.jpg
Views:	1
Size:	109.1 KB
ID:	632109
    Så er det å feste aluminiumsbrakettane som skal festast i ramma på F550-en. Sjølvlåsande mutterar gjer at jobben går raskt.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1098.jpg
Views:	1
Size:	73.5 KB
ID:	632110
    Her er brakettane skrudd fast.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1100.jpg
Views:	1
Size:	125.9 KB
ID:	632111
    Montering av batteriholdar, samt haldar for VU/Led-uniten til NAZA. Gummiforingar her òg. Og alt vert stripsa saman, noko som truleg gjer det nokså lett å skifte delar i ein ev. krasj. I tillegg blir ramma litt meir fleksibel, men uten å vere lealaus.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1101.jpg
Views:	1
Size:	74.0 KB
ID:	632112
    Haldaren til VU-unit, ferdig stripsa og skrudd!

    Click image for larger version

Name:	_MG_1102.jpg
Views:	1
Size:	83.4 KB
ID:	632113
    Så er det å tre gjennom aluminiumsrøra nederst på understellet, og sette i plastpropper i endane.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1104.jpg
Views:	1
Size:	107.3 KB
ID:	632114
    Batterihaldar og kamerafeste skal festast i aluminiumsrør lenger oppe på ramma.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1105.jpg
Views:	1
Size:	77.2 KB
ID:	632115
    Batterifestet på plass.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1106.jpg
Views:	1
Size:	75.8 KB
ID:	632116
    Kamerafestet vert skrudd saman, med avstandsstykker i aluminium og skruar. Alt av skruar og hardware har som sagt god kvalitet! Og alt passar perfekt!

    Click image for larger version

Name:	_MG_1107.jpg
Views:	1
Size:	95.5 KB
ID:	632117
    Kamerafestet er her satt på plass, og understellet er ferdig og klart til å montere på F550-en.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1108.jpg
Views:	1
Size:	134.3 KB
ID:	632118
    Understellet vert festa i ramma med nylonskruar med låsemutter i underkant. Produsenten har òg nokre spesielle støtdempande gjennomføringar som kan kjøpast i tillegg, men eg gløymte å bestille desse. Reknar med at eg oppgraderer etterkvart.

    Click image for larger version

Name:	_MG_1109.jpg
Views:	1
Size:	96.6 KB
ID:	632119
    Understell ferdig montert og klart til lift-off. Monteringsjobben tek ein roleg time. Ramma er lett og stabil.
    Eg ventar på litt servoar og div. utstyr til GoPro-gimbalen, så eg kjem tilbake med byggeskildring av denne etterkvart.
    Runar Sandnes
    Medlem i Gloppen modellflyklubb

    ------
    Constantly fighting gravity

    Blade MCPX - T-Rex 250 FBL - T-Rex 500CF FBL - T-Rex 700E FBL - Yak54-50EP - DJI F550 Hexa - Pilot RC´ish Yak-54 m/DLE 30 - BeastX - Spektrum DX7

  • #2
    Gleder meg til å se videoresultat fra denne gimbalen!

    Comment


    • #3
      Spennende. Den vil jeg følge med på.

      Comment


      • #4
        Min er montert i dag, noen få strakser til på gimbalen så er den klar. har byttet ut Naza med Wookong så litt oppsett igjen der før den er testklar dog.


        mvh
        Alf
        ____________________________
        Alf Wilhelm Hansen www.flygal.no

        Comment


        • #5
          Har du noe å vise frem. Jeg er veldig sugen på denne gimbalen.

          Comment


          • #6
            Aeroxcraft-understell til DJI F550 - byggeskildring

            Har endel råfilm fra hagetesting, men er høstferie på mobilt bredbånd så må vente med opplasting til jeg kommer hjem.

            Jeg har avbalansert alt så nøyaktig som overhodet mulig og bilder blir veldig bra med Gopro men sliter med Jello effekt på filming.

            Luftbildene herfra er "blindskutt" med Gopro: http://www.finn.no/finn/realestate/l...rd=h%F8gevarde

            Laster litt testvideo når jeg er hjemme igjen.
            ____________________________
            Alf Wilhelm Hansen www.flygal.no

            Comment

            Working...
            X