Announcement

Collapse
No announcement yet.

FPV Quad II

Collapse
X
 
  • Filter
  • Time
  • Show
Clear All
new posts

  • #31
    Ser på sporinga at cf platene no er innom "Oslo Letter Center", så HobbyKing har vore raske denne gongen. Går som regel ein dag eller to til før eg har platene i posten.
    Mvh
    Øyvind Amundsen
    70 mod. fra sunnmøre
    Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

    Comment


    • #32
      Har testa Punch! ViaCad 3D for 3D design, og har brukt den nye ramma som ein test.
      Click image for larger version

Name:	FPV_Quad_II.jpg
Views:	1
Size:	29.9 KB
ID:	590788

      ViaCad ser ut til å fungere bra, men trur andre kan vere enklare med tanke på å få ting nøyaktig. Synest resultatet vert ok om ein tek hensyn til at dette er mi første 3D Cad tegning.

      God Helg!!
      Mvh
      Øyvind Amundsen
      70 mod. fra sunnmøre
      Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

      Comment


      • #33
        Da er cf platene på veg til Te-raptor for fresing
        No er det berre å vente + håpe at eg har regna riktig slik den vert monterbar.
        Mvh
        Øyvind Amundsen
        70 mod. fra sunnmøre
        Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

        Comment


        • #34
          Vert venting no, fram til platene er frest og kome i hus.
          Om det ikkje vert for lenge til VBRAIN kontrolleren er i hus, vert det muligens denne på denne ramma.
          Mvh
          Øyvind Amundsen
          70 mod. fra sunnmøre
          Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

          Comment


          • #35
            Var i kontakt med Roberto Navoni i går, og fikk vite at eg får ein av dei få VBRAIN/GPS kontrollerane han har på lager, slik eg slepp å vente i 3-4 veker på neste produksjon.
            Dette passar veldig bra med tanke på når FPV Quad II ramma vert klar, så da får denne VBRAIN kontroller

            MP32F4/NAVY2012 kombinasjonen som eg har på FPV Quad I skal da over på hexaen eg held på å bygge.

            VBRAIN er ein fysisk mindre og lettare (men like kraftig) en den eg har i dag, noko som passar bra for quad'en.

            Mykje spennande på gang rundt desse kontrollerane, så det vert sikkert mykje testing framover
            Mvh
            Øyvind Amundsen
            70 mod. fra sunnmøre
            Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

            Comment


            • #36
              Fikk eldstejenta mi til å filme med mobilen - vart ikkje verdens beste kvalitet..



              Dette er FPV Quad I med MP32F4/NAVY2012 kontroller. Synest den er veldig stabil og fin. Det har kome ny versjon av softwaren på kontrolleren, men eg har ikkje fått tid til å oppgradere enda.

              Har ikkje testa posisjon hold, høgde hold.. enda

              Kontrolleren som er på denne skal over på hexaen, og VBrain kontrolleren skal inn i den nye FPV Quad II.
              Mvh
              Øyvind Amundsen
              70 mod. fra sunnmøre
              Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

              Comment


              • #37
                Te-raptor er ferdig med fresing av platene og dei er på veg tilbake til meg. Om eg har flaks, får eg dei slik eg kan starte på monteringa i helga. Håpar VBRAIN kontrolleren dukkar opp i løpet av neste veke (har vore ganske rask postgang fra Italia før).

                Vurderar å bestille JD-IOBoard (berre 25$ inkl frakt) for styring av LED belysning på FPV Quad II

                Har ikkje tenkt å bruke LED berre fordi det ser kult ut, men for varsling/status indikering..



                Begge kontrollerane eg har (MP32F4 og snart VBRAIN) støttar MavLink.
                Med eit slikt oppsett kan ein bruke LED, buzzer.. for å vise valgt flygemodus, varsle lavt batterinivå, om den er armert..
                Mvh
                Øyvind Amundsen
                70 mod. fra sunnmøre
                Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                Comment


                • #38
                  Da var platene tilbake etter at Te-raptor har frest dei. Synest fresejobben har vore veldig bra - veldig fornøgd med resultatet.

                  Click image for larger version

Name:	TestMont1.jpg
Views:	1
Size:	110.5 KB
ID:	590945

                  Dette er berre ei rask testmontering for å sjekke at hola stemmer, og det ser veldig bra ut. Lengda på armane framme skal kortast inn slik det vert ein riktig X quad konfigurasjon.

                  Click image for larger version

Name:	TestMont2.jpg
Views:	1
Size:	99.2 KB
ID:	590946

                  Her med 3cm alu "spacers" for montering av monteringsplata.
                  Vurderar om eg skal skru på vibrasjonsdemparar mellom desse og plata + feste LiPo under monteringsplata i staden for på den øvste senterplata. På denne måten vil monteringsplata få meir masse og bedre vib. demping (trur eg).

                  Får prøve meg fram å sjå kva konklusjonen blir.
                  Mvh
                  Øyvind Amundsen
                  70 mod. fra sunnmøre
                  Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                  Comment


                  • #39
                    Skal bli artig å se den ferdig.
                    Jeg vet ikke helt om jeg har rett, men jeg har litt tro på demping av motorer fremfor monteringsplater. Det går litt flere dempere og veier litt mere, men jeg tror det har bedre effekt. -Har ikke prøvd selv, men det føles rett
                    Terje

                    Comment


                    • #40
                      Originally posted by Te-raptor View Post
                      Skal bli artig å se den ferdig.
                      Jeg vet ikke helt om jeg har rett, men jeg har litt tro på demping av motorer fremfor monteringsplater. Det går litt flere dempere og veier litt mere, men jeg tror det har bedre effekt. -Har ikke prøvd selv, men det føles rett
                      Enig, har droppa tanken på å montere monteringsplata med vib.demparar. Kom fram til at 6 slike uansett ville bli for stivt. Skal fokusere på demping av kontroller og kamera + få motorane bra.
                      Men trur egentlig det kan bli bra - på den gamle FPV Quaden var eg ikkje plaga med vibrasjonar - hang eit Sony HD kamera under berre for å teste (surra det direkte på ramma) - ingen støystriper.. i bildet.
                      Mvh
                      Øyvind Amundsen
                      70 mod. fra sunnmøre
                      Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                      Comment


                      • #41
                        Har kome i gang med monteringa

                        Click image for larger version

Name:	mont1.jpg
Views:	1
Size:	85.7 KB
ID:	590954

                        Brukar 6 stk 10mm alu standoffs mellom platene
                        Har montert eit power dist. kort fra flyduino.com og lodda ESC, batteri, 5V UBEC.. på dette

                        Har flytta over power PCB og ESC.. fra den andre Quaden - ledningane fra ESC til power PCB er dei originale. Dette er SimonK modifisert Mystery 30A ESC.

                        I tillegg har eg tredd ledningar for LED i armane (kjem til eigen plugg som skal til JD-IOBoard)

                        Var i kontakt med han som laga JD-IOBoard i går og fikk supre nyheiter ang. IOmodulen - i tillegg til styring av LED/Buzzer med data fra MavLink (telemetri protokoll), vil den snart få støtte for FrSky - Den vil konvertere MavLink data til FrSky format og sende dette ut på eigne pinnar på modulen og kan koblast direkte til telemetri inngangen på FrSky RX uten hub modulen. Dette er perfekt for meg, da eg brukar ein Futaba 9C super med FrSky telemetri oppsett.

                        Click image for larger version

Name:	mont2.jpg
Views:	1
Size:	70.2 KB
ID:	590955

                        Har fått på den øvste senterplata og festa ESC

                        Har fått festa motorar, monteringsplate (med 6 stk 9mm alu standoffs), kontroller (den "gamle" MP32F4/NAVY2012 - skal bruke VBRAIN som er mindre og lettare).
                        Kjem med fleire bilder seinare.

                        Total vekt uten batteri er no på 900gr som er ganske bra - trur eg vil ende på 1200-1300gr med komplett FPV oppsett.

                        Kan sikkert få ned vekta med mindre/enklare motarar og ESC, men har trua, dette TBS Discovery oppsettet er 1400gr

                        Har tenkt å teste dette som FPV kamera - lite, lett,eige batteri, 720P opptak, billig
                        I kombinasjon med 200mW 5,8Ghz rx/tx.

                        Har og ein liten OSD modul fra JDrones som støttar MavLink.

                        Vert ein del testing/optimalisering uten FPV fram til kameraet dukkar opp (la inn bestilling i går)
                        Last edited by mundsen; 04-08-12, 08:25.
                        Mvh
                        Øyvind Amundsen
                        70 mod. fra sunnmøre
                        Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                        Comment


                        • #42
                          FPV Quad II har vore i lufta

                          Klarte ikkje å vente til VBRAIN kontrolleren kjem, så eg monterte på MP32F4/NAVY2012 kontrolleren og testa.
                          Den oppfører seg minst ilke fint i lufta som FPV Quad I, som var ein standard X Quad, men eg fikk ein del lenger flygetid (har ikkje sjekka vekta på desse opp mot kvarandre).

                          Har montert LED som skal brukast i lag med Jd-IOBoard, som anbefalt på deira side - 2 blå framme, grøn bake til høgre, og raud bake til venstre. No har eg berre kobla dei til LiPo via ein motstand på 200ohm (las på nett at det ikkje var anbefalt å koble dei rett på LiPo uten ein motstand mellom), så no lyser dei fast - varsling.. kjem nåe IOBoard er i hus.

                          Click image for larger version

Name:	testmp32_1.jpg
Views:	1
Size:	117.0 KB
ID:	591073

                          Har endt opp med å bruke eit heli understel, med polstring og batteri montert under.
                          Har montert kontrolleren direkte på den øvste senterplata

                          Click image for larger version

Name:	testmp32_2.jpg
Views:	1
Size:	116.6 KB
ID:	591074

                          Plata som var tiltenkt som monteringsplate, blir plate som skal beskytte elektronikken. Sidan det ikkje er denne kontrolleren som skal brukast, og eg må lage eit hol slik at plata ikkje "skyggar" for GPSen, ventar eg med å montere denne til eg har fått VBRAIN kontrolleren.

                          Click image for larger version

Name:	testmp32_3.jpg
Views:	1
Size:	105.4 KB
ID:	591075

                          LiPo festa mellom beina på heli understellet.

                          Dette er berre ei testmontering, så eg vil utføre ein del småendringar, som å beskytte ledningar mot kantane på karbonplatene..

                          FPV kameraet og sendaren eg skal bruke veg lite, så batteriet kan bli omtrent der som det er no - muligens flytte det ein liten cm eller to bakover.

                          Så lang veldig fornøgd med resultatet - ser veldig fram til å få på VBRAIN kontroller + IOBoard + støtte for FrSky telemetri rett fra IOBoard til RX (har LCD montert på Futabaen for telemetri).
                          Last edited by mundsen; 05-08-12, 22:33.
                          Mvh
                          Øyvind Amundsen
                          70 mod. fra sunnmøre
                          Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                          Comment


                          • #43
                            Fikk testa den nye Quadén med VBRAIN kontrolleren i dag, og den fungerar veldig bra.
                            Click image for larger version

Name:	bilde.jpg
Views:	1
Size:	80.3 KB
ID:	591555

                            Plata som var tenkt som monteringsplate, skal eg modifisere (lage hol for GPSén) og bruke som topp plate for å beskytte elektronikken.

                            Har kjøpt eit set med 3DR telemetri radioar (433 mhz) som eg etter kvart skal bruke. Har kobla dei til for testing - dei fungerar fint.

                            Fikk jDrones IOBoard i dag, men har ikkje fått testa denne enda. Denne blir brukt for å styre LED belysning på quadén - bruke LED for å vise kva flygemodus ein er i, lavt batterinivå.. (ved hjelp av MAVLINK data)

                            I tillegg til LED styring kan IO modulen konvertere telemetri data fra MAVLINK format til FrSky format (koblar ei ledning fra IO modulen og inn på telemetri inngangen på FrSky RX).

                            Skal sjå om eg får dette på plass i løpet av helga.

                            God helg!
                            Mvh
                            Øyvind Amundsen
                            70 mod. fra sunnmøre
                            Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)

                            Comment

                            Working...
                            X