Fitjar Modellflyklubb si stripa i Juvet ligg i eit område der det vert jakta på hjort.
Valet av stad for plassering av stripa vart gjort i samråd med kommunen då ho vart bygd i 1999, grunneiger vart sjølvsagt forespurd på førehand og har heile vegen vore positiv. Alt vart avtala munnleg, og Fitjar kommune bidrog med kr 1000 !!!! resten løyste seg med hjelp frå lokale bedrifter samt mykje dugnad sjølvsagt.
Men.... stort sett kvar haust gjentek det same seg, jegrane som jaktar her irriterer seg over modellfly og helikopter som angjeveleg øydelegg jakta, og no i år har det sågar vore snakk om at dei vurderer å kontakta kommunen mtp å få stengd stripa, for som det vert sagt.... området er ikkje regulert til dette føremålet og det har heller aldrig blitt byggjemeldt noko flyplass her.
Me ynskjer jo sjølvsagt ikkje å øydeleggja for jegarane, anntar at dei er like glad i sin sport som me er i vår og me er difor ikkje framande for å begrensa aktiviteten i heile eller deler av den aktuelle perioden(10 sep til 15 nov), men me stiller oss tvilande til kor stor skade aktiviteten vår reelt sett påfører jakta. Problemstillinga vart for ei tid tilbake diskutert med ein erfaren jeger som har drive jakt på elg, rein, hjort og rådyr ein annan stad i landet i ei årrekkje, han stillte seg nærast heilt uforståande til at flyginga vår skulle utgjera noko problem, me held oss jo på eit på eit svært begrensa område, fortrinnsvis inne på stripa, han meinte derimot at lukt og spor som turgåarar og jegrar legg igjen i sjølve terrenget i jakttida er det som hjorten bryr seg om, for som han sa: hjort har ingen naturlege fiendar i lufta, og motorlyd er noko dyra ven seg til rimeleg raskt, særleg dersom den opptrer jevnleg på same stad.
Dette stemmer godt med det me har erfart her i Juvet også, det er ikkje uvanleg når mørkret kjem krypande etter ein haustkveld med mykje flyging, at det lyser i hjorteaugo borte under trea når me tenner bil-lysa.
I fjor haust hadde me feks stor dugnad der me hogg i området rett rundt stripa samt at me fekk lagt på ny grus, på det mest hektiske var det i sving 3 motorsager, ein lastebil, ein minigraver, ein 18 tonns gravemaskin og to traktorer, mao mykje støy og blinkande lyskastarar ol, og då eg i nitida morgonen etter var bortom for å sjå resultatet i dagslys, var det tydelege spor i den nye grusen etter 3-4 hjortar.
Etter vår erfaring er det mykje hjort i området, og ironisk nok er det i jaktperioden me gjer ferrast observasjonar.
Skulle svært gjerna høyra om andre sine erfaringer på dette området, samt hjelp til å få tak i objektiv kunskap om korleis desse dyra reagerer på aktiviteten vår.

Comment