Etter at eg oppgraderte BeastX til versjon v.3, har eg hatt litt problem med halen på min 500.
Problemet utartar seg under pitching, og feilen er at halen går mot venstre når helikopteret stig kraftig rett opp. Normalt vil ein svak hale ikkje klare å motverke motortorque, og dermed vri seg mot høgre. Men her er det stikk motsatt... Den overkompenserer med andre ord. Etter 10 meter opp, er halen 90 grader til venstre. I normal fff er det ikkje noko problem, men under flipp og særleg tic-tocs vrir halen seg når eg pitchar opp. Den kan tildels vri seg så mykje at det ser ut som starten på ein big-ben, men DIT er eg ikkje komen enno. I allefall ikkje frivillig....
Eg og Trulsen pønska litt på dette på Fagernes, og forsøkte litt av kvart. Både justering av "tail-heading-lock-gain", "tail-torque-precompensation" og justering av diverse. Intet resultat.
Eg resette modellen no i helga, og satte den opp på nytt. Samme resultat i dag. Lurer på om det kan ha noko med geometrien i halen å gjere. Eg har flydd litt i vinter, og har såleis måtte justere stramminga reima frå tid til anna. Har òg forsøkt å sette halen i rate-modus, og så legge inn nokre grader motkompensasjon mot motortorque. Har ikkje merka stor forskjell. Brukar folk å legge inn nokre grader her, eller har folk stort sett halen med 0 grader pitch som nullpunkt? Eg får gå over mekanikken i halen eit par gongar til... Om nokon har forslag til løysing, fyr laus!

Comment