Announcement
Collapse
No announcement yet.
Treng tips for bygging av Quad
Collapse
X
-
-
-
Originally posted by mundsen View PostHei!
Kjenner ikkje til DJI rammer, men prøv å send ei melding til LeGranDuc her på forumet, ser han har quad ramme fra dei. Høyr kva erfaringar han har.
Her finn du ein bygge tråd for hexa ramma på fpv.no: DJI Hexa bygge tråd..
Kan se ut som DJIUSA.com ikke sender til Norge lengre. Får bare opp US, Canada og Mexico som leverings addr.
Sendte dem en email itilfelle det er noe feil på siden.
*krysse fingra*
2min etter eposten var sendt fikk jeg svar
I have to send invoice separate to you.
What do you want?
Sent from my iPhoneLast edited by Merko; 08-04-12, 22:53.
Comment
-
Har vore ei runde med influensa liknade sjuke i heimen i det siste, så eg har prioritert familien framfor hobby (fornuftig i lengda).
Men no har delane starta og lande i postkassa mi og våren er på veg (gira for å få quaden i lufta).
Har fått delane til quad ramma og har fått testmontert denne. Manglar dei nye iPower motorane, men har fått reservedelane (shaft, lager) som eg kjøpte 2-3 dagar etter motoren, så dei bør dukke opp snart (er vel ein tur innom tollen).
Kontrolleren er snart klar - manglar berre kompass modulen.
Komplett ramme
Med brakett for montering av FPV kamera (montert med vibrasjonsdemping)
Starta på modifisering av Mystery 30A ESC.
Du finn meir info på sida mi (http://multiprop.no)
Lykke til med alle prosjektMvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
-
Ein del andre ting som må prioriterast framfor RC for tida, så det går i rykk og napp.
Har fått i hus alle pakkane med delar så no er det berre byggetid som skal til. Har Fått JDMiniOSD modulen fra jDrones, så no har eg komplett utstyr for FPV (skjerm ikkje briller). Manglar berre eit kameraoppheng for bruk med Sony HD kameraet.
Har fått lagt inn simonk kode (multirotor tipassa kode) på 4 Mystery 30A ESC'ar:
Har brukt dette bildet for å finne dei riktige tilkoblingspunkta for å koble til USBASP (USBAsp kjøpt fra HK)
Største utfordringa med heile prosessen er å få lodda ledningar på kontaktpunkta. Vil anbefale tynn spiss på loddebolten og tynne fleksible ledningar. Eg droppa kontakta i enden av ledningane, da eg fjerna ledningane når eg var ferdig med progr. - (fryktar at ledningane kan løsne på grunn av vibrasjonar og føre til kortsluttningar..)
Når ledningane var lodda på kobla eg til USBASP adapteret og brukte "ESC Flash tool for Simonk firmware"
Innstillingar:
Port:USB
baud rate: 19200
ESC: Mystery 30A (pads)
Firmware: bs.hex
Etter oppgraderinga fikk eg denne:
avrdude.exe: verifying ...
avrdude.exe: 2070 bytes of flash verified
avrdude.exe: safemode: Fuses OK
avrdude.exe done. Thank you.
Du finn ein god del info om flashing av ESC på denne openpilot sida
Etter oppgraderinga fjerna eg ledningane og fikk på ny krympestrømpe.
Som ein test nr 1, kobla eg ESC til ein motor og kobla til eit LiPo batt - Fikk oppstarts lydane og ingen røyk
Har lest om at oppgraderinga har feila, eller om man har valgt feil ESC type vil ein oftast få feil/røyk med ein gong.
Etterpå kobla eg ESC til mottakaren og testa ESC/motor via radioen.
Alle 4 fungerar som dei skal så langt
No kan eg omsider starte montering av quaden for alvor
Tips: Om du har tenkt å prøve deg på flashing ac ESC, prøv å finn ein ESC type (sjekk i RapidESC databasen) som har tilkoblingspunkta på rekke på kanten av printet. Det vert da enklare å koble til ledningane med lodding, eller ei form for klype med kontakter..
Eit anna tips er å finne ESC type som berre brukar FETs av N typen, ikkje ei blanding av P/N (sjekk RapidESC basen). Begge skal fungere fint på eit normalt multikopter, men den som berre har N fets skal vere meir effektiv og utvikle mindre varme.
Fikk ei lita ledig stund i går kveld, så eg fikk kobla ESC og power PCB. Har montert dette mellom dei to topplatene i landingsunderstellet for å få avstand mellom power og annan elektronikk _(med tanke på støy) - LiPo vert montert mellom understellet og resten av ramma.
I tillegg til støreduksjon (håpar eg) vert det veldig enkelt å kome til ESC.. ved behov.
Denne gongen kjem eg til å feste ledningane mellom motor og ESC på undersida av armane (ikkje i armane som sist), så det vert veldig enkelt å bytte ei arm om/når den ryk.
ESC og power kort montert. Har festa på ei krypmestrømpe på alu stanga som er brukt i toppen av understellet (slik den ikkje kortsluttar power kortet).
Den øvste platta på understellet montert (LiPo kjem over denne)
God helg!
ØyvindLast edited by mundsen; 27-04-12, 10:13.Mvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
-
Har vore lite skriving her frå meg i det siste så eg tenkte eg skulle kome med ei lita oppdatering.
Som eg har skreve før har eg ein MP32F4 v3 IMU kontroller fra Foxteam UAV Clan. Denne er i pilot fasa enda, så eg starta på eit oppsett med ein Flyduino Mega kontroller med sensorar.. som eg kunne bruke fram til MP32F4 vart klar.
Men før eg vart ferdig med Flyduino saken vart MP32F4 flygeklar. Da eg er med og testar kontrolleren endte eg opp med å bestille ein Navy 2012 modul (GPS, MAG, Baro, minne for logg..) slik at testinga skal bli riktig.
Når våren viste si bedre side, vart det ei periode med omprioritering - må tenke på hus og hage..
Har dei siste dagane fått tid til å prioritere quadén, så no nermar det seg kraftig at den er flygeklar.
Har fått testa kombinasjonen med MP32F4 v3 IMU og NAVY 2012 modulen mot ArduPilot Mega Planner og det fungerar fint.
NAVY modulen har eit eige minne som lagarar data fra alle sensorar.. under flyging. Dette kan ein ta ut som ei logg fil etterpå om ein vil analysere flygeturen, eller vise flygeturen på Google Map..
Har fått kalibrert dei modifiserte ESCáne og fått montert det meste på ramma. Har valgt å drive kontrolleren.. med ein 5A UBEC (fjerna + ledninga fra alle ESCáne)
Har stor tru på dei nye motorane og synest dei reagerar mykje raskare med modifisert ESC.
Har utstyr for FPV med OSD.. men kjem til å vente med å montere dette til eg har fått meir flygetrening utan FPV.
Har også best. eit sett med 100mw rx/tx for telemetri - med dette kan eg få live data i bakkestasjonen ved testng av UAV..
No manglar berre småjusteringar på ramma + sette på prop., så er eg omsider klar for å flyge
Seinare i sommar, eller til hausten skal eg trulig starte test av ein annan ny kontroller fra han som lagar MP32F4 - denne er ein variant med alt du treng på eit print + den er flygeklar når du får den(ikkje mekking i kode..).
Kjem derfor til å legge ut Flyduino kontrolleren med sensorar.. for salg - kjem med meir info om denne seinare (ta kontakt om det kan vere av interesse - dette er ein veldig fleksibel kontroller med mange tilkoblingar.. Flyduino Shop)
Lykke til med alle prosjekt..
har ein del meir info på sida mi Nyeste innlegg
ØyvindLast edited by mundsen; 05-06-12, 18:50.Mvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
-
eksemSer at det etter kvart er fleire som har testa quad eller hexa av DJI Flame Wheel typen
Som denne
Lurte på kva erfaringar de har med styrke/vekt/stivheit på desse armane i forhold til vanlige 10x10 alu armar
ØyvindMvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
-
I dag vart første jomfru flyging med ny quad utført
Quad (eige design) med:
- MP32F4 v3 IMU + NAVY 2012 (kontroller, sensorar, flylogg,gps..)
- FrSky mottakar (midlertidig feste av antenner)
- Mystery blueseries 30A modifisert med SimonK firmware (tilpassa multirotor)
- iPower 2217-950 motorar
- 5A UBEC for spenning til kontroller.. (har kobla fra den raude 5V ledninga fra ESC)
- Telemetri, FPV.. kjem seinare
- Straumfordelings print + ESC er montert under batteriet. Tanken bak er å skille power og signal med tanke på støy + bedre plass til telemetri, FPV..
Bilde av quadén fra fronten (beklagar den dårlige kvaliteten)
Vart berre enkel hovring ein meter over bakken i dag for å sjekke temperatur på ESC..
Ingen problemer så langt. Quadén oppfører seg fint og virkar veldig stabil.
Deilig følelse å endelig vere i gang
No vert det fokus på flygetrening, testing av altitude hold, position hold og etter kvart FPV og flyging etter ruter på kart...Last edited by mundsen; 07-06-12, 08:52.Mvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
-
Har fått testa quad'en fleire gongar no, og den oppfører seg veldig fint. Fortsatt veldig enkel flyging, men eg får til mei kvar gong.
For å kunne flyge lenger før ny ladderunde, har eg best. eit par ZIPPY Compact 4000mAh 3S 25C batteri fra HK (berre 286g).
Sidan eg brukar ESC med SimonK firmware der LVC (Low Voltage Cut-Off) er slått av er det opp til meg å passe på at eg stoppar før spenninga vert for lav (skadar LiPo). Har derfor best. FrSky sensor hub + spenningsmålar (den med oled display) - har display modul som eg koblar til sendarmoduen på min Futaba 9C fra før.
Det vert snart ei feriepause fra Quad.. men har planlagt det slik at batteri.. dukkar opp omtrent til eg er tilbake
Ønskjer alle ein super ferie/sommar, og lykke til med alle prosjekt/flyging
ØyvindMvh
Øyvind Amundsen
70 mod. fra sunnmøre
Mi nettside: multiprop.no (vil prøve å samle prosjekta mine her)
Comment
Comment